Grå stær

Grå stær er ein vanleg augesjukdom. Den kallast for «katarakt» på fagspråket. Den opptrer som regel frå 60-års alder og oppover. Grå stær skuldast at linsa inne i auge vert dunkel slik at det vert uklart for deg å sjå, sjølv med briller/kontaktlinser. I sjeldne tilfeller kan grå stær vera medfødt, skuldast skade, sjukdomar eller langvarig bruk av medikamenter.

Symptom:

  • Tåkesyn

  • Problem med å lesa

  • Ubehagelig å køyre bil (spesielt i mørket grunna og ved dårleg sikt)

  • Vanskelegare enn før å skilje fargar

  • Blending eller lyskilder som flyt ut, spreier seg

  • «Dobbeltsyn» på eitt auge

  • Unormal styrkeendring

Slik kan ein førebygge sjølv:

  • Unngå røyking

  • Vern augo mot UV-stråling - bruk solbriller

  • Sunn og aktiv livsstil. Dette er òg med på å redusere risikoen for diabetes som er ein vanleg årsak til utvikling av grå stær

Dersom du mistenkjer at du har grå stær, bør du bestille deg ein time hos Brilleriet. Optikaren vil undersøke linsene i augo dine. I tillegg til undersøking av sjølve linsa vil optikar sjekke kor godt du ser for å avdekke kor stor innverknad den grå stæren har på skarpsynet. Med dette vil optikar kunne vurdere om det er naudsynt å henvise deg vidare til augelege og operasjon.

Behandling og operasjon
På verdsbasis er grå stær hovudårsaka til blindheit. I Noreg har me heldigvis god og trygg behandling. Kvart år vert det gjort omlag 40 000 grå stær - operasjonar i Noreg. Det er faktisk den vanlegaste av alle augeoperasjonar.

Sjølve operasjonen tek kort tid og vert som regel utført i lokalbedøving. Operasjonen vert gjort av ein augelege og du får god informasjon både før og etter operasjonen. Du får òg informasjon om korleis operasjonen vart utført og du kan stille spørsmål om du lurar på noko.

Etter operasjonen
Etter operasjonen får du god oppfølging for å sjå at alt har gått bra med operasjonen. Det tek alltid litt tid før synet har stabilisert seg, så du bør vente minst 5 veker før du sjekkar synet hjå ein optikar. Etter operasjonen vil ikkje berre skarpsynet endra seg, men styrkane vil òg som regel verta annleis. Styrkane du har i brilla/linsa på avstand vil i dei fleste tilfelle bli rundt 0, men ein treng ofte lesebriller etterpå. Nokre klinikkar tilbyr òg å sette inn permanente progressive linser. Spør gjerne din optikar eller augelege om du er nyfiken på det!

Har du lyst til å vita meir?

https://www.helsenorge.no/sykdom/oyesykdommer/katarakt/

Les meir om sjølve operasjonen og kva type linser du kan få operert her

Previous
Previous

Grøn stær

Next
Next

Tørre auge?